Førde kommune Førde kulturskule

Vi treng distriktsmusikarar innan folkemusikk

Distriktsmusikarar

Om Førde kulturskule

Førde kulturskule er ein veldriven kulturskule med ansvar for kulturskule i Førde, Naustdal og Gaular. I 2020 er vi saman med Jølster samanslått til Sunnfjord kommune med ca. 23000 innbyggarar. Skulen driv desentralisert undervisning, og har fleire undervisningsstadar. Vi har over 400 elevar i musikk og visuelle kunstfag. Distriktsmusikargruppa består av 6 musikarar per i dag og har hovudbase i Førde.

Vi søker etter to distriktsmusikarar

Vi har ledig 2 x 100 % fast stilling (50 % utøving og 50 % undervisning) innan hardingfele og trekkspel. Eventuelt folkesong og dans.

Om stillinga

Undervisningsdelen består av instrumentalopplæring i kulturskulen i tillegg til seminarverksemd og instruksjon innan frivillig musikkliv. Utøvardelen består av konsertverksemd i samarbeid med det frivillige musikklivet, med andre distriktsmusikarar og andre musikarar lokalt og elles i fylket. Skule- og barnehagekonsertar er i samarbeid med fylkeskommunen.

Krav til søkar:

  • minimum 4 år høgskuleutdanning på hovudinstrumentet, med pedagogikk.

Søkarar utan høgskuleutdanning men med mykje realkompetanse kan bli vurdert.

Du må vere:

  • engasjert og initiativrik
  • god til å kommunisere med både born og vaksne
  • disponere bil (desentralisert undervisning og konsertverksemd i heile fylket)

Biinstrument som folkesong, folkedans og hardingfele på bra nivå, vil og verte vektlagt.

Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju og prøvespel.

Tilsetting er med atterhald om at det vert inngått avtale om felles finansiering mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kulturskule.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Del på:

Referansenr:

19/554

Fylke:

  • Sogn og Fjordane

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Søknadsfrist:

04.03.2019

Kontaktpersonar:

Adresse:

Kyrkjevegen 9 6800 Førde